Norsk komedie
Merete og Jens (Ine Jansen og Anders Baasmo Christiansen), eit par i tredveåra, har endeleg hellet med seg når dei heilt uventa arvar eit hus. Etter altfor mange år i sokkelleilegheiten i boligen til Jens si temmeleg eksentriske mor (Anne Marit Jacobsen), er dei overmodne for noko heilt eige.
No har dei sjansen til å få det dei drøymer om: Eit hus med hage før dei får barn. Dei må nok pusse opp litt, men kor vanskeleg kan dét være, liksom?
Men, som mange par har oppdaga før dei: Det er mange potensielle feller når ein skal skape sin eigen heim - særleg når paret sjølv ikkje har nevneverdige praktiske evner, og må stole blindt på "ekspertisen".
Problema hoper seg kjapt opp i møtet med systemet og folka som representerer det (og som alle blir spelt av Atle Antonsen): Den korrupte saksbehandlaren hos Plan- og bygg, dei østeuropeiske arbeidarane som er meir oppteken av dofasilitetar enn snekkararbeid, den alternative øko-arkitekten og petimeteret på gjenbruksstasjonen, for å nemne nokon.
Når paret også må handtere den stadig meir maniske svigermora, som lir av ein uforklarleg lyst til å brenne ting, blir det fort meir enn dei klarar å handtere.
For jakta på "det perfekte liv" kan fort true lysta til å ha noko liv saman i det heile tatt.
Oppussingskomedien "Norske Byggeklosser" er ein ny norsk komedie inspirert av den norske klassikaren frå 1972, om alle situasjonane som oppstår når evner og omstende ikkje nødvendigvis matchar ambisjonane.
Originaltittel: Norske byggeklosser
Genre: Komedie
Regi: Arild Fröhlich
Skodespelarar: Atle Antonsen, Anders Baasmo Christiansen, Ine Jansen, Anne Marit Jacobsen
Nasjonalitet: Noreg
Språk: norsk


