
Oseana sitt heile og fulle vårprogram blir ikkje offentleggjord før i midten av januar, men så lenge klarer ikkje arrangementssjef Berit Steen å vente med å opne programsekken.
-Det er jo grådig lenge til januar då, og kva passar vel betre då enn å gje publikum seks arrangement å gle seg til etter jul, og kanskje kunne legge billettar til under juletreet? Smiler Steen.
Ho opnar ballet allereie 24. januar, då Ingrid Bjørnov kjem med sitt splitter nye show ”2012- ouvertyren”.
-Ingrid hadde premiere på dette showet på Latter på Aker Brygge no i september, og har fått terningkast 6 kasta etter seg over heile linja! Det er veldig kjekt at vi kan by på eit heilt fersk show når slike store artistar legg turen innom, seier Steen. Bjørnov si blanding av musikk og humor er visst noko som går heim hos mange, showet har vore utseld i Oslo lenge.
Dagen etter at Bjørnov har vore her, kjem ein annan entertainer til Os. Tor Endresen er nemleg ute med ny storbandplate, og får med seg Forsvarets Musikkorps Vestlandet til å backe seg opp på Oseanascena.
-Tor gjev ut ei ekte croonerplate, seier Steen, som forklarar at croonersjangeren er ekte, gamaldags storbandmusikk, slik som Frank Sinatra og dei andre store heltane dreiv med.
-Dette blir bokstaveleg tala ein konsert det kjem til å swinge av, seier Steen.
2 x Riksteatret
Steen er også særs nøgd med å kunne presentere to av Riksteatret sine store publikumssuksessar. 31.januar kjem Riksteatret med deira utgåve av ”Klatremus og alle de andre dyrene i Hakkebakkeskogen”, som neppe treng nærare introduksjon. Her oppmodar Steen publikum om å ikkje vente for lenge med å sikre seg billettar.
-Det er ikkje rom for ekstraframsyning av dette stykket her på Oseana, så her må folk vere kjapt ute, seier ho.
1. mars kjem Svein Tindberg med sitt eige stykke ”Abrahams barn”, som har blitt sett av nærare 30.000 publikummarar så langt. Stykket har gått for utselde hus overalt, og Tindberg vann også Heddaprisen 2012 for ”Årets forestilling”. Stykket tek for seg vår felles historie, og peikar på det mange fellestrekka det er mellom tre av dei store religionane våre.
-Dette er eit stykke som har fått kritikarane til å leite fram dei verkeleg store superlativa. Måten Tindberg kombinerar historie og forteljarkunst på er heilt unik, seier Steen.
Nye og gamle kjende
Mellom dei to Riksteaterbesøka har Steen fått plass til både jazz på norsk og ein kjend ringrev innimellom.
-9. februar kjem den norske gruppa Baker Hansen, som syng Chet Baker- låtar på nynorsk! Fem spreke unge karar som gjev dei gamle slagarane ” There will never be another you” og ”My funny valentine” ny språkdrakt og syng ”Aldri finn eg ei nett slik som deg” og” Min fine hjarteven”, seier Steen.
Veka etter er alt klart for konsert med Ole Paus.
-Ole Paus har vore ein av Noregs største artistar gjennom dei siste tretti åra, og han har ei stadig aukande fanskare. Det er veldig kjekt at han kjem til Oseana.
Steen legg ikkje skjul på at ho håpar mange billettar vil finne vegen under mange juletre dette året.
-Til begge Riksteaterframsyningane, samt Baker Hansen og Ole Paus, er det førjulsrabatt til og med 24. desember, så dersom du ikkje veit kva du skal gje vekk til jul, så har du fått nokre tips no, avsluttar Steen.
Vil du lese meir om arrangementa? Trykk på titlane i teksten, eller gå til våre arrangementssider. Billettar kan kjøpast ved å bruke billettlinkane inne på arrangementssidene, eller ved å gå direkte til Billettservice sine heimesider. Du får også kjøpt billettar til alle våre arrangement i resepsjonen på Oseana, eller på Posten, Narvesen eller 7- Eleven.