Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Romjulsblues

$
0
0
Teaser: 

Osøren Blues & Jazzfestival inviterar til den tradisjonelle Romjulsbluesen 30. desember.

Arrangementdato: 
søn, 2012-12-30 21:00

Tradisjonen tru blir det også i år Romjulsblues i regi av Osøren Blues & Jazzfestival. I år står to band på plakaten, The Ladyshave Experience og Vetrhus Bluesband. Billettar er tilgjengeleg på Billettservice.no, i resepsjonen på Oseana og på Posten, Narvesen og 7-Eleven. Du kan også bruke billettlinken som ligg inne på arrangementssida.

Vetrhus Bluesband

I 1991 vart Vetrhus fødd. På ein gamal husmannsgard opp i Oddadalen kunne ein ei sein vinternatt høyre dei fyrste skrika og med litt velvilje kanskje starten på ein gitarsolo og eit trommebrekk. Dei fyrste skritta vart gjort i tunet, og Vetrhus voks raskt. Treningsgrunnlaget vart gjort i ein gamal silo som fungerte som øvingslokale. I dag har Vetrhus blitt eit vaksent band som har teke dei norske bluesscenene med storm. Bandet har ei eiga evne til å fange publikum og ta dei med seg på ein tur gjennom si heftige, råe og energiske musikalske verd. Vetrhus viser ei ekte entusiasme og speleglede frå scena du seint vil gløyme, det er praktisk tala umogleg å sitte roleg på stolen når Vetrhus- toget kjem opp i stor fart, noko som skjer allereie frå fyrste låt.

Vetrhus har besøkt fleire av dei store festivalane og bluesklubbane i landet, og dei har hausta gode kritikkar både live og på plate. Dei har i dag si beste besetning nokon sinne, og under konserten kan du oppleve både individualistar i halsbrekkande stunt, og samspel av ypparste klasse. Det kan ofte bli litt "sirkus", men det er tøft og rått, akkurat slik som vi likar det! Du er herved velkomen til ein forrykande tur med Vetrhus- toget, ein tur du seint vil gløyme!

Vetrhus består i dag av:

Helge Tverdal - vokal

Daniel J. Kambestad - munnspel

Kjell Arne Bauge - gitar

Kjetil Huus - bass

Bjørn Moe - trommer

 

 

The Ladyshave Experience

The Ladyshave Experience kjem frå Osterøy, og består av rutinerte musikarar som leverer Texax- inspirert bluesrock, kombinert med ein del 70- tals-rock 'n roll. Bandet har ei veldig speleglede som lett smittar over på publikum og skapar liv i salen, også  blant dei som ikkje er så kjend i bluesmusikken si verd. Eit glitrande sceneshow, dyktige musikarar og eit solid sangutval er med på å gjere dette til eit band du ikkje må gå glipp av. Dette er ekte bluesrock for musikkfrelste!

Bandet består av:

Geir Mæhle - vokal

Tore Mæhle - bass

Jan Egon Langhelle - vokal og gitar

Dag Rune Tvedt Hendriksen - piano / keyboard

Vegard Henanger - lead gitar

 

 

 

 

Pris: 
Kr. 405,-
Bilde: 
Billettinfo: 
Dørene opnar kl. 20.00
Arrangør: 
Osøren Blues & Jazzfestival
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Romjulsblues
Karuselltittel: 
Romjulsblues
Karusellteaser: 
Vetrhus og The Ladyshave Experience er årets romjulsartistar

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571