Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Kjell Nupen

$
0
0

Kjell Nupen er ein av Noregs største nolevande kunstnarar. Han er ein allsidig kunstner som jobbar innan fleire medier, som maleri, grafikk, glass, keramikk, bronse og granitt, men ser seg sjølv fyrst og fremst som målar. Nupen har hatt ei rekkje utsmykkingsoppdrag i offentlege areal, mellom anna ein større skulpturpark, eit fonteneanlegg og utsmykningane i Søm kirke i sin eigen fødeby, Kristiansand. Nupen har sidan 2002 budd og arbeidd der.

Nupen er utdanna ved Statens Kunstakademi i Oslo og Staatliche Kunstakademie i Düsseldorf, og debuterte i 1974 på Høstutstillingen i Oslo og Sørlandsutstillingen i Kristiansand. På 1970-tallet var han med å starte fellesverket ”Myren Grafikk” i Kristiansand. I 2004 hjalp han til med å etablere K.G.V (Kristiansand Grafiske Verksted).
Han har sjølv bygd eigne verkstadar tre gongar, og har dei siste ti åra knytt til seg dyktige medarbeidarar og handverkarar til sin noverande verkstad. 

Kjell Nupen har gjennom heile livet jobba på verkstadar i andre land. Framleis arbeider han på eksterne verksted hos Atelje Ole Larsen, Helsinborg (med dyptrykk), på Edition Copenhagen, København (med litografi), Struktuur 68, Den Haag (med porselen), Tommerup Keramiske Værksted, Tommerup (med steingods), Hageland Kunst og Metall Støperi, Mandal (med bronse).

Gjennom mange års kunstnerisk virke, søkjer framleis Nupen etter å stadig skape nye bilete med rot i sine eigne erfaringar og tidlegare verk, framleis etter å utdjupe og skape sitt eige rom. I sitt kunstnarskap legg han vekt på det lineære forløpet. Han er oppteken av historie, og dermed også sin eigen historie, ved å utdjupe sin eigen motivkretks. Frå å ha vore i ein kritisk realistisk periode på 1970- talet, har Nupen gjennom åra vendt seg meir og meir mot måleiet sin eigenart, og er oppteken av tilhøyrigheit kontra ikkje tilhøyrigheit, og ein søken etter stille og refleksjon.  Nupen er også kjend for ein heilt særeigen blåfarge, kalla "Nupen- blått".

I Hvelvet stiller han ut både maleri og grafikk. Utstillinga blir ståande gjennom heile sommaren, t.o.m. 18. august. 

For meir info om Kjell Nupen:
www.kjellnupen.no

Ingress: 

Kjell Nupen er sommarens kunstnar i Hvelvet.

Tid: 
Lørdag, juni 15, 2013 - 15:00 til Søndag, august 18, 2013 - 18:00

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Trending Articles


Break up Quotes Tagalog Love Quote – Broken Hearted Quotes Tagalog


Girasoles para colorear


mayabang Quotes, Torpe Quotes, tanga Quotes


Tagalog Quotes About Crush – Tagalog Love Quotes


Patama Quotes : Tagalog Inspirational Quotes


Tagalog Quotes To Move on and More Love Love Love Quotes


Tropa Quotes


BARKADA TAGALOG QUOTES


Re:Mutton Pies (lleechef)


FORECLOSURE OF REAL ESTATE MORTGAGE


Pokemon para colorear


Sapos para colorear


Tagalog Love Quotes – Nagmamahal


OFW quotes : Pinoy Tagalog Quotes


Long Distance Relationship Tagalog Love Quotes


Tagalog Long Distance Relationship Love Quotes


5 Tagalog Relationship Rules


“BAHAY KUBO HUGOT”


Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.


Vimeo 10.7.1 by Vimeo.com, Inc.