Musica Nord held fram med kammerkonsertar i Griegsamlingen også denne sommaren. Kvar søndag kl. 14.00 kan du oppleve musikalske perler i flotte omgjevnadar.
Tornerose og Rapunzel. Romeo og Julie. Både Shakespeare og Brødrene Grimm luskar i kulissene når bratsjisten Oliviero Hassan og pianisten Mai Goto står på scena denne ettermiddagen. Eventyrene møter me i form av Schumanns "Märchenbilder" - scenar frå kjente eventyr (men kva for nokon, det er det opp til den enkelte å finna ut...). Romeo finn vanlegvis si Julie i Prokofievs store ballett; i dagens mesterlege bearbeiding, får me høyra utdrag frå balletten i kammerform. Og kven veit? Hadde Grieg sjølv vore tilstades på dagens konsert, hadde han kanskje ombestemt seg og skreve cellosonaten slik me får høyra den i dag - for bratsj og klaver...
Oliviero Hassan - bratsj
Mai Goto - piano
Oseana og Musica Nord vidarefører samarbeidet frå førre sommar, og tilbyr også i år ei flott klassisk konsertrekkje som du kan høyre kvar søndag kl. 14.00 i Griegsamlinga. Det er mogleg å kjøpe billett berre til konserten til kr. 220,- eller du kan kjøpe ein billett som inkluderer konserten og middag i restauranten, til kr. 525,- Konsertbilletten kan du kjøpe både i resepsjonen og via nettsida www.ticketco.no, medan den kombinerte konsert -og middagsbilletten må kjøpast eller bestillast hos restauranten ( 53 69 51 40) eller i resepsjonen (917 50 231).
