Is it time to break the box?
Idé, konsept og kunstnerisk leiing/koreografi: Catherine Michelet
Kunstnerisk medansvarleg og medverkande: Navid Rezvani
I framsyninga Boxism møtast seks dansarar med bakgrunn i ulike dansestilartar. Målet er utforsking av grenselandet og krysningspunkta mellom dei ulike stiluttrykka. Gjennom samarbeid og fordjupning i felles problemstillingar får forskjellige uttrykksformer fungere i samspel. Visjonen er ei framsyning som bryt med gjevne konvensjonar om form og innhald i ei danseframsyning; ei framsyning som ikkje kan plasserast i nokon spesifikk sjanger (“boks”). Dansarane representerer stilartar som mellom anna jazzdans, samtidsdans, hip hop og breaking.
Boxism tar for seg temaet utvisking av menneskeskapte grenselinjer og båsar. Tittelen er basert på det engelske uttrykket “to be put in a box”, eller på norsk, “å bli satt i bås”, og visar til at det å sette kvarandre i bås er eit samfunnsfenomen på lik linje med andre -ismar; racism, feminism, nationalism, sexism osv.
Begrep som fordommar og stigmatisering blir problematisert og satt på dagsorden.
– Kvifor stillar vi oss så ofte til kverandre på bakgrunn av merkelappar, grupperingar og båsar?
– Kva er det i oss som gjer det så lett å møte annleisheit med skepsis?
– Is it time to break the box?
Catherine Michelet er dansar utdanna frå Kunsthøgskolen i Oslo, og har dei seinare åra jobba stadig meir med koreografi ved sidan av sitt virke som utøvar. Catherine har jobba som dansar innan eit breidt spekter av stilartar, som jazzdans, samtidsdans og hip hop. Ho har medverka i diverse produksjonar for scene og TV, og turnert landet rundt med fleire oppsettingar.
Varighet: 70 minutt utan pause
Anbefalt frå 12 år
Ord: 275,-
Stud. / BT: 220,-
Barn under 16 år: 95,-


