Kristian Valen
Kristian Valen - "Åsted Valen"
16 år har gått sidan Kristian Valen fekk sitt gjennombrot som gjorde han til Noregs mestseljande komikar! 1. november kjem han til Os med sitt nye show.
Det blir som vanleg parodiar på TV program/artistar og kjendisar frå inn og utland i kjend Valen stil. Han har også fått med seg at TV2 har eit program som heiter "Åsted Norge" og at "Gutta på tur" i fjor var tilbake på skjermen! Her blir det parodiar når Valen inviterer gjester/kjendisar som overhodet ikkje passar inn som gjester når han tolkar desse TV-suksessane.
I "Åsted Valen" blir det eit gjensyn med nokre av Kristians mest populære karakterar.
"Åsted Valen" er hans første nye show sidan 2012, då "Fra Hillevåg til Hollywood" hadde si premiere. I hans nye show får publikum det som er forventa av og med Kristian Valen, når han entrar scena. Musikalske og verbale imitasjonar som både imponerer i sin likhet med "originalen" - og den humor som kjenneteiknar Siddisen. Med Kristian på scena får publikum eit show som utfordrar lattermusklane - igjen og igjen!
Ord. 530,-


