Foajékonsert
Som ein del av Kulturminnedagane 2019, ønskjer vi velkomen til formiddagskonsert i foajeen på Oseana.
«Lyden av Os» er eit lite utval av Os si rikhaldige katalog frå lokale komponistar og tekstforfattarar.
Medverkande:
Os kammerkor, Tilslørte bondepiker, Annveig Fjellstad Myklebust og Knut Vidar Garlid, Bjørnafjorden kulturskule, Bente Bratlund og Os mannskor.
Gratis inngong.
Varer ca 1 time.
Kulturminnedagane 2019 er ei heil veke med trivelege og lærerike arrangement for folk i alle aldrar. Kulturminnedagane (European Heritage Days) går føre seg over heile Europa i midten av september kvart år. Målet er å feira og formidla den mangfaldige kulturarven. Frivillige organisasjonar, museum og kommunar er blant dei som står bak hundrevis av aktivitetar i Noreg.
Arrangørar i Os: Os sogelag, Oselvarverkstaden, Oselvarlaget, Fortidsminneforeningen, Stiftinga Lyngheim og Os kommune ved kultureininga.
Heile programmet for Kulturminnedagane 2019 kan du sjå her


