Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Os Senioruniversitet: Om Knut Hamsun

$
0
0
Teaser: 

Diktaren og menneske

Sjå nettside: 
Arrinfo: 

Kjell-Harald Lunde: Om diktaren og mennesket Knut Hamsun Nobelprisvinnarensom vart landssvikar:
I 1920 vart Knut Hamsun heidra med Nobelprisen i litteratur for romanen «Markens grøde». Han var ein folkekjær og høgt vørd forfattar både i inn- og utland. Tjue år seinare vart alt omsnudd: Han støtta heilhjarta Adolf Hitler og nazi- Tyskland som hærtok Norge.
For mange nordmenn var det vondt å sjå at den omtykte forfattaren svikta under krigen. Det norske  samfunnet sleit med å finna ut korleis dei skulle  ta hand om han då krigen tok slutt. Lenge håpte dei på at den skrøpelige, nesten døve oldingen skulle dø. Men fleire år gjekk. Hamsun levde. Den 89 år gamle forfattaren hadde endå ei bok han ville gi ut. 

Osingen Kjell Harald Lunde var i mange år informasjonsdirektør i BKK, og før det journalist i NRK Hordaland. Han har skrive boka «Sabotøren» om krigshelten Fredrik Kayser. 

 

Semesterkort (fri inngang).

Førehandsal og billettsal i døra, kr. 100,-

Arrangementdato: 
man, 28/10/2019 - 11:00
Body2: 
Pris: 
Ord. 100,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/os-senioruniversitet-kh-lunde-om-diktaren-og-m...
Billettinfo: 
Arrangør: 
Os Senioruniversitet
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Foredrag
Servering: 
Oseana Kafé og restaurant, tlf. 53695140
Slideshow: 
TV: 

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571