Hiv og hoi!
Den livsfarlege jungelfyrsten Maga Kahn og den onde dronning Sirikit har endeleg fått tak i den magiske diamant. Ryktet seier at den kan oppfylle ønskjer ved fullmåne. Maga Kahn draumer om å kunne tåle sol sånn at han fritt kan bevega seg ut av den mørke jungelen, men innan måneskinnet kjem vert diamanten stole av gutungen Marco. Ein rasande Maga Kahn send alle apesoldatane sine ut i jungelen for å jakte på gutungen. Den magiske diamant må tilbake, koste kva det koste vil! Samstundes har Pinky slått seg til ro i Kjuttaviga og lev ottlause dagar, medan Sunniva kjeder seg og draumer om eventyr. Eventyret kjem frå uventa hald når Kaptein Sabeltann og hans mest tiltrudde menn plutseleg dukker opp. Snart er Pinky og Sunniva om bord på Den Sorte Dame i eit vanvitig kappløp for å finne den magiske diamant.
Bak filmen står animasjonsstudioet Qvisten Animation, som laga Dyrene i Hakkebakkeskogen, KuToppen og Flåklypa-trilogien. For å ta historia om den magiske diamant til lerretet har regissørene Rasmus A. Sivertsen og Marit Moum Aune fått med seg nokre av verdas beste karakterteiknare og animatører på laget.
Genre: Barnefilm / Familiefilm
Regi: Rasmus A. Sivertsen og Marit Moum Aune
Skodespelar: Kyrre Sydness, Siri Skjeggedal, Leonard Eike, Tobias Santelmann, Jan Martin Johansen, Trond Fausa Aurvåg, Jonas Urstad, Kristoffer Olsen, Bartek Kaminski, Charlotte Frogner, Jon Øigarden, Ida Eike, Laila Goody, Niklas Gundersen
Nasjonalitet: Norge
Språk: norsk


