Griegs A-mollkonsert
Klassisk musikk – kva skal vi eigentleg lytte til? Kva er det med denne musikken som rører ved kjenslene våre? Har du lyst å lære kva som skil ei framføring frå ei anna?
Foredraget er morosamt, interessant og krev inga forkunnskap.
Lyttelos Annabel Guaita formidlar klassisk musikk på heilt nye måtar – slik at du får meir ut av lytteopplevinga. Når ho har losa deg gjennom lytteopplevinga vil du både føle og reflektere meir når du lyttar til musikk. Gjennom sine utselde foredrag på Litteraturhuset i Bergen for BFO har ho klart å trollbinde publikum og åpne dørene inn til klassisk musikk på ein måte som ikkje har blitt gjort tidlegare.
Du vil få ei annleis og spanande musikkoppleving – og blir fortruleg med klassisk musikk på eit heilt anna vis enn før.
«Lyttelos gjorde møtet med musikken rikare og meir tilgjengeleg på ein lettfatteleg måte», Marius Helle, publikum.
«Annabel Guaita er ein pedagogsik, morosam og kunnskapsrim formidlar som har publikum i si hule hand.» Lene Bergmann, publikum.
Pianist og musikkformidlar Annabel Guaita har lang erfaring med å kommunisere musikk til ulike menneske, på ulike måtar.
Ho er klassisk utdanna pianist med mastergrad i klarverspel og doktorgrad på den norske komponisten Fartein Valen. Ho har spesialisert esg i det 20. århunders musikk og samarbeida med ei rekke norske muiskarar og samtidskomopinistar. I 2011 blei hennar første solo-cd L»Altra Beltá gheven ut på selskapet Lawo Classics med musikk av Valen.
Samstundes var ho svært aktiv som utøvar og spelte på ulike konsertseriar og festivalar i Norge, i tilleg til å turnere i USA, Sør-Amerika og Finland
Sidan 2012 har Annabel holdt konsertprodusjonar og hatt samtaler med yutøvarar og omponistar under Festspillee i Bergen. Ho har også holdt musikkforeddrag for Bergen Filharmoniske Orkester og turnert for Fylkeskonsertane Hodralan med formidling av klassisk musikk til banr og unge.
Mellom 2016 og 2018 var ho formidligsleiar på kompnistheimane i KODE.
Varer omlag 2 timar
Ord. 250,-


