Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Oscar Danielson

$
0
0
Arrangementdato: 
fre, 07/02/2020 - 19:30

Oscar Danielson blei lenge omtala som "Sveriges best bevarte hemmeligheit". No er den sympatiske svensken ein riktig god noregsven. 

 

Oscar Danielson er sin eigen sjanger, og er av mange sett på som ein av Sverige sine beste tekstforfattarar. Etter albumet «Stockholm i mitt hjärta» (2011) med låta «Besvärjelse» har han fått eit stadig større publikum med turnéar i heile Skandinavia. 
I november 2014 varma han opp for Bjørn Eidsvåg i eit fullsett Oslo Spektrum, og det er langt mellom dei gongane ni tusen menneske er så lutter øyre som då. Kort tid etter opptrådte han på NRKs «Lindmo», og igjen både begeistra og fascinerte Danielson sitt låtunivers det norske folk. 
No kjem den Stockholm-fødde førtiseks-åringen tilbake til oss med eit show som kallar fram både latter og tårer. Temaet er – sjølvsagt – kvinner. Det er songar om kjærleik fulle av alvar og djupt menneskelege observasjonar, krydra med humoren som er Oscar sitt kjenneteikn. 
 
Eva Weel Skram har gjort sin versjon av Oscar sin låt "Besvärjelse" med den norske teksten,"Vi Lover». 

 

Ord. 350,-

Pris: 
Ord. 350,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://ticketmaster.no/event/622255
Arrangør: 
Oseana Kunst og Kultursenter
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Konsert
Servering: 
Middag før framsyninga? For meny og bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40
Slideshow: 
TV: 

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571