Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Anne Kat Hærland - Jakten på ærligheten

$
0
0
Teaser: 

Kor langt kan ein komikar gå?, Vel, Anne Kat går lenger enn dei fleste!

Anne . er kjend for dei fleste både frå scene og fjernsyn. Det som begynte med lyssetting i NRK i 1993 enda med ein fast rolle i ein av kanalen sine aller største sjåarsuksessar gjennom tidene, "Nytt på nytt".

Det er vanskeleg å huske at det fanst ei tid då ei langbeint, rappkjefta blondine ikkje hadde gjort narr av prinsessegemalen, havna i fengsel, benka 1,4 millionar tv-sjåarar foran skjermen kvar fredag, fått vanlege folk til å prøve seg på Bagatelle- mat, lansert ein eigen vin med åtvaring om at overdrive inntak kunne få Trond Giske til å sjå ut som Brad Pitt, og ikkje minst openlyst innrømma at hennar einaste befatning med born var via fjernadopsjon - som gjekk til inkasso. Det er rett og slett vanskeleg å huske korleis verda var før Anne- Kat. sin kom med sin offentlege irritasjon, elegant omforma til hardtslåande og publikumsmagnetisk komikk.

Fire år etter premieren på det kritikarroste showet "Gift, men ingen fanatiker" er Anne Kat Hærland tilbake med eit heilt nytt soloshow, endå råere, endå frekkare, endå ærligare. Gløym bonderomantikk, dette er "Jakten på ærligheten"! Og vi siterar hovudpersonen sjølv: 

"Jeg er så lei av godt voksne new age fanatikere som via kvinnekanalen Fem snakker om å om å finne nirvana. Herregud, ta en titt på dem, de klarer jo ikke å finne en skikkelig frisør engang. Jeg er så lei av unge metroseksuelle menn som flyr vestkanten rundt i champagnerus med buddhistiske symboler dinglende fra håndleddene, kort beskjed til dere: Ereksjon regnes IKKE som personlig vekst! At en sort katt går over veien betyr bare en eneste ting: Den skal et sted. Skal vi si at det holder med å juge nå?"

Bjarte Hjelmeland har hatt regien på showet, og sett seg nøydd til å setje 18 års aldersgrense. For deg over 18: velkomen til ein hardtslåande kveld du seint vil gløyme!

 

 

Arrangementdato: 
tor, 2013-02-28 19:00
Pris: 
Ord.bill.kr. 495,-
Lengde: 
80 min
Bilde: 
Arrangør: 
Stand Up Norge
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Anne Kat Hærland
Karuselltittel: 
Anne Kat Hærland
Karusellteaser: 
Jakten på ærligheten kl. 19.00
Showpakke: 

For showpakker, kontakt Astrid.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571