med endå større konsert
Foto: Ørjan Håland, Midtsiden
Eirik trappar opp!
Etter suksesskonsertar i Griegsamlingen tar Eirik Søfteland med seg det rykande ferske showet sitt, «Ei musikalsk reise», opp trappa til Oseanasalen – no med lov til og plass til opp mot 200 publikummarar.
Intimkonsertane i Griegsamlingen har allereie seld ut premiera, og det minkar på billettar til dei tre andre konsertane. No vil Eirik laga ei heilt spesiell oppleving i Storsalen.
- Denne konserten er jo fødd til å haldast i Storsalen! Ein kan laga vanvittig stemning med lys og effektar, på ein heilt annan måte enn i Griegsamlingen, strålar Eirik.
Konserten er ei hyllest til inspirasjonskjeldene og dei musikalske heltane Eirik har hatt gjennom åra. Han har med seg gitarist og bassist Tore Christer Storlid når dei trålar seg gjennom låtar av artistar som Frank Sinatra, Billy Joel, Jan Eggum, Stevie Wonder og Queen.
Begrensa antall plassar.
Varer ca 90 min.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------
Smittevern:
Din innsats gjer ein forskjell. Følg råda frå Folkehelseinstituttet når du vitjar Oseana:
- Hald avstand
- Vask hendene
- Bruk papirlommetørkle eller albogekroken ved hoste
- Betal gjerne med kort (kontantlaust)
- Unngå kontakt med felles overflater
Oseana har intensivert vask av hyppige kontaktpunkt i huset, og følgjer dei generelle hygieneråda frå Folkehelseinstituttet. Personar med symptom på luftveisinfeksjon oppmodast om å halda seg heime.
Fakta, råd og tiltak om koronaviruset finn du på Folkehelseinstituttet sine sider: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/


