Korkonsert
Fonos har etablert ein fast tradisjon med julekonsertar i Oseana. Etter månader i full eller delvis isolasjon er dei glade for å få øve saman igjen – og inviterer alle andre som også lengtar etter å komme meir ut igjen til ein liten, sommarleg konsert. Dei set saman eit program av kjende poplåtar, litt gospel, ei vise eller to – arrangert for deira flotte songarar og eminente band. Dirigent Stine Kobbeltvedt, leiar kor og musikarar gjennom ein liten time med sommarleg musikk.
Varer ca 45 min
_____________________________________________________________________________
Smittevern:
Din innsats gjer ein forskjell. Følg råda frå Folkehelseinstituttet når du vitjar Oseana:
- Hald avstand
- Vask hendene
- Bruk papirlommetørkle eller albogekroken ved hoste
- Betal gjerne med kort (kontantlaust)
- Unngå kontakt med felles overflater
Oseana har intensivert vask av hyppige kontaktpunkt i huset, og følgjer dei generelle hygieneråda frå Folkehelseinstituttet. Personar med symptom på luftveisinfeksjon oppmodast om å halda seg heime.
Fakta, råd og tiltak om koronaviruset finn du på Folkehelseinstituttet sine sider: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/


