frå Symesterskapet på NRK
Ingrid Vik Lysne er kanskje aller best kjend frå Symesterskapet på NRK, der ho sjarmerte sjåarane med sine syferdigheiter og sitt smittande humør.
Ingrid er energisk og har mange jern i ilden: ho legg ut sy-oppskrifter og inspirasjon på Instagram og Youtube, held sykurs med fokus på redesign, og inspirasjonsforedrag om å bli meir miljøvennleg i klesvegen, i tillegg til å gjere kommersielle samarbeid. Ho kan alt frå å redesigne eit gamalt segl til ein ballkjole, lage videokronikk om kroppspress, til å gjere om ein rømmeboks til ein hundeleke.
Kurset inngår som en del av Oseana sin komande bærekraftfestival (meir informasjon om denne kjem snart).
Info:
Eigen symaskin og eit minimum av sykunnskap er ein fordel. Ta med matpakke, vi har kaffe, te og vann.
Tal på kursplassar: 15
Kurset varer frå kl. 12 - 17


