Godt nytt år!

KJÆRE PUBLIKUM
Riktig godt nytt år!
Vi starta alle året som forventa, med aukande koronasmitte i landet og nye restriksjonar.
Igjen kan det hende vi må inn i ei tid med arrangement som får ny dato eller blir avlyst, og det gjerne med kort varsel. Vi vil gjerne seie TUSEN TAKK til deg som publikum, for at du taklar alle endringar på strak arm, og for at du held fram med å kjøpa billettar på trass av dette. Det er inga selvfølge. Vi er audmjuke og takksame, og kjenner oss heldige som har slikt eit trufast og godt publikum.
I Oseana vel vi å starte det nye året med godt mot. Så sant det er mogleg, skal vi fortsette å skape gode augneblink og fine stunder. Det skal vi gjere for deg som publikum, for artistar som besøker oss, for dei av oss som sit på heimekontor, og for dei som er på jobb i resepsjonen. Alt med fokus på godt smittevern, sjølvsagt.
La oss saman glede oss over det vi har, og gje varme til dei vi møter. Vit at du ALLTID er velkomen i Oseana! Vi har mange fine arrangement på programmet, som du finn her på Facebooksida vår eller på vår heimeside. Du kan også ta med ein ven og nyte ein varm kaffi, litt sjokolade og ein god samtale i foajéen – her er godt plass og lett å halde avstand. Griegsamlingen er også open. Her er våre opningstider:
FOAJÉ, RESEPSJON OG GRIEGSAMLING
Mandag: stengd
Tysdag – fredag: 11 – 16:30
Laurdag: 11 – 16
Søndag: 12 – 18
RESTAURANTEN
Restauranten er førebels stengd på dagtid, og har kun ope i samband med arrangement. Dersom du ønsker å leige / ha eige arrangement i restauranten, kontakt Roald Mjelstad på roald@mjelstadholding.no / restaurant@oseana.no eller på tlf. 482 39 927.
Har de andre spørsmål må de gjerne kontakte oss på post@oseana.no eller tlf. 917 50 231
VELKOMEN!