Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

EKSTRAVISNING: Jul i Flåklypa

$
0
0
Teaser: 

Ynskjereprise - igjen! 

Jul i Flåklypa har vore ein veldig populær film, så populær at vi no viser den for tredje gong! 

Kjell Aukrust sine folkekjære figurar Solan, Ludvig og Redor Felgen er tilbake på det store lerretet. "Solan og Ludvig - Jul i Flåklypa" basert på boka "Solan og Ludvigs jul" av Harald Sommerin Simonnæs, og på karakterar fra Kjell Aukrust sitt kjende og kjære univers.

I Flåklypa nærmar det seg jul, og Flåklypa Tidende- redaktør Frimand Pløsen har lova bygda snø til jul. Når Ludvig ynskjer seg det same, så er ikkje oppfinnar Reodor Felgen vanskeleg å overtale til å byggje verdas mest kraftige snømaskin! Men så forsvinn Reodor, og så forsvinn snømaskina, og då må Solan og Ludvig stelle i stand til jul aleine. Dersom dei rekk det då, etter å ha redda Flåklypa frå verdas verste snøstorm...! For å tukle med naturen - det er fali' det

 

FORAN KAMERA

REODOR FELGEN
Reodor Felgen er sykkelreparatør og oppfinnar. Teiknai 1968 den verdsberømde racerbilen "Il Tempo Gigante", Noreg sitt svar på italienske Ferrari. Felgen deltek ikkje i selskapslivet. Trond Brænne er stemma til Reodor Felgen. 

LUDVIG
Ludvig er eit B-menneske med utprega høysnue og tydeleg angst for gjennomgripande endringar. Ludvig er personleg pessimist, saktmodig og trivast best i utkantstrøk. Trond Høvik er stemma til Ludvig.

SOLAN GUNDERSEN
Solan Gundersen er den personifiserte morgenfugl, nonchalant utruga i ei osp attme'Glåma. Han er barnefødd optimist med filttøfler, strikkeskjerf og lav moral.

 

Produksjonsselskapet Maipo Film ved produsent Cornelia Boysen står bak prosjektet, i tett samarbeid med Qvisten Animation og Kari og Kjell Aukrusts Stiftelse. Saman har dei funne tilbake til Aukrust sine originale teikningar av Solan, Ludvig, Redor Felgen og Flåklypauniverset, og denne filmen er basert på dette materialet.

Filmen varer i 1t 16min og er tilleten for alle. 

Arrangementdato: 
søn, 2013-12-15 16:00
Pris: 
Kr. 80,-
Bilde: 
Billettinfo: 
Billettar i sal frå 20. november, berre i resepsjonen på Oseana.
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Kino: Jul i Flåklypa
Karuselltittel: 
Jul i Flåklypa
Karusellteaser: 
Ynskjereprise! Søndag 1. desember kl. 16.00

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571