I 2014 feirar Noreg 200 års- jubileum for grunnlova. I anledning dette har Linda Eide og Sjur Hjeltnes skrive eit musikalsk særemnet saman . Her har dei to laga ei personleg og alternativ historieskriving med digresjonar og sidespor til den offisielle norske historia. Her famnar dei om kvardagen sine hendingar og sper på med musikalske nummer, alt frå Grieg til Grand Prix.
Dei to argumenterar mellom anna heftig for at innføringa av blokkfløyta i grunnskulen har prega nordmenn like mykje som oljefunna i Nordsjøen, og at fryseboksen sitt inntog i dei norske heimar var ei større hending for nordmenn flest enn kva Amundsen si polferd var. Dessutena vakte den fyrste homoen på Voss minst like stor oppsikt som månelandinga.
Det finurlege særemnet avslørar også ukjende sider av historiske høgdepunkt som set den kjende sagaen i eit heilt nytt og fascinerande lys!
Framsyninga er produsert av Oseana i samarbeid med Festspillene i Bergen, og er ein del av det offisielle Festspillprogrammet 2014.
Linda Eide: manus
Sjur Hjeltnes: musikk
Arvid Ones: regi
