Oseana har denne våren gleda av å kunne presentere ei heilt ny satsning mot dei eldre - Seniortreff!
Seniortreff på Oseana denne våren er eit prosjektsamarbeid som omhandlar "Eit verdig liv i alderdomen". Prosjektet er initiert av Oseana, og finansiert gjennom støtte frå GC Rieber Fondene, og er eit samarbeid mellom Oseana, GC Rieber Fondene, Os Senioruniversitet og Kultureininga i Os kommune. Målet for prosjektet er å gje seniorar, pårørande og andre interesserte informasjon, vegleiing og oppleving til glede og nytte for alderdomen.
Seniortreffa består av ein føredragsdel og ein konsertdel, der innhaldet vil variere frå gong til gong. I tillegg blir det kaffi og kaker. Treffa er opne for alle som vil, ikkje berre seniorar, og billettar kjøper du på Billettservice eller i resepsjonen på Oseana.
28. april
Kl. 11.00 - 12.00: "Vedigheit, meistring og moglegheiter". Foredrag ved overlege Stein Husebø, leiar for Verdigheitsenteret - Omsorg for gamle. Kaffi og kaker.
Kl. 13.00 - 14.00: Lunsjkonsert med Hans Marius Andersen kvartett. Spelar låtar av mellom anna Louis Armstrong, Jelly Roll, Morton & The Original Dixieland Orchestra.
Dette arrangementet inngår i Oseana sin Lunsjkonsertpakke, der du får 15% rabatt ved kjøp av billettar til alle tre Seniortreffa samtidig: 17. februar, 24. mars og 28. april. Det må kjøpast like mange billlettar til kvart arrangement, og billettane må kjøpast eller reserverast i resepsjonen før 17. februar. Med forbehold om ledige billettar. Ring 917 50 231 i våre opningstider.
