Velkomen til ei stemningsfull reise i norsk musikk og i klaveret si overtonerike klangverd!
Villarkorn er ei rekkje korte satsar for piano skrive av komponisten Olav Kielland i 1950. Satsane byggjer på slåtte- og stevtonar frå Telemark. Kielland fann inspirasjon i mytiske figurar som huldrer og draug, i magiske krefter og det draumeaktige som er omtala i mange av folkevisene våre. Han let desse ideane gje liv til ein fantasifull og klangleg klavermusikk i Villarkorn.
Ingfrid Breie Nyhus er oppvaksen i ein folkemusikkfamilie med polsrytmner og hardingfeleslåttar rundt seg. Ho valde sjølv pianoet som instrument, og har studert klassisk klaver i Noreg, Tyskland og Finland, og har vunne ei rekkje prisar og utmerkingar som pianist. Dei siste åra har ho leita seg tilbake til sine folkemusikalske røter, og søkjer ulike måtar å kombinere flygelet sine klangmoglegheiter og kunstmusikken sin kreativitet. Ho vart nominert til Spellemannsprisen med albumet "Griegslåttene", der ho tek hardingfela si stildrakt, ornament og rytmer inn i Grieg sitt klaververk "Slåtter". Denne gongen er det Villarkorn ho tolkar og bearbeider, med improvisasjonar over materialet. Ho gjenfortel verket slik ein gjenfortel eit eventyr, med sine eigne klangar, nærverande og ope for endringar i situasjonane som oppstår på kvar konsert. Gjenfortellingane er ei oppdagingsferd i norsk musikk og i flygelet si overtonerike verd, via det draumeaktige, det magiske, det meditative og det suggerande.
Denne konserten inngår i Oseana sin klassiske konsertpakke, der du får 15% avslag dersom du kjøper billett til tre eller fleire konsertar samstundes. Dei fire konsertane du kan velje mellom er Nyttårskonsert 19.januar,Blomster og Blod 1. februar, Villakorn 24. februar og Bergen Filharmoniske orkester 5. juni. Det må kjøpast like mange billlettar til kvar konsert. Billettane må kjøpast eller reserverast i resepsjonen innan 21. mars. Ring 917 50 231 i våre opningstider.
