
Konserten med Vamp 7. desember er dessverre avlyst grunna dødsfall i nær familie til ein av bandmedlemmane.
Alle som har billett til konserten kan få billettpengane refunderte. Dette gjer du slik:
Dei som har kjøpt billettar direkte eller henta ut billettar i resepsjonen på Oseana, må ta kontakt med Oseana sin resepsjon frå tysdag 10. desember.
Har du kjøpt billettar via nettsidene til Billettservice, ELLER kjøpt/henta billettane dine på Posten, må du ta kontakt med Billettservice sin kundeservice på tlf. 815 33 133. Du kan også sende dei til Billettservice as, postboks 607, 8607 Mo i Rana. Merk konvolutten med «avlyst arrangement».
Ved kjøp eller henting på 7Eleven eller Narvesen kan du få refundert pengane på ein kiosk innan den respektive kjeda.
MERK! Billettavgifta på kr. 25,- pr. billett kan ikkje refunderast.
Det er kunden sitt ansvar å få billetten refundert!
Fristen for refundering av billettar er 60 dagar, det vil seie at siste refunderingsfrist er 7. februar 2014.