Os Musikkforening får besøk av Fana Musikklag og Dragefjellets Musikkorps. Dette blir generalprøven for dei tre korpsa før dei reiser til NM i Trondheim to dager etter.
NM for janitsjarkorps, som kvart år går av stabelen i Trondheim, er det største korpsarrangementet i landet. Det er i år 24. gangen NM arrangerast. Denne helga kjem det om lag 5000 musikantar til byen for å spele og høyre på kvarandre. Det fins 7 divisjonar. Fana Musikklag stiller i 3. divisjon, Os Musikkforening i 2. divisjon og Dragefjellets musikkorps i Elitedivisjonen.
Vi er stolte over å få besøk av Dragefjellets Musikkorps som er eit av landets beste og har vunne NM fleire gonger. Mens Dragefjellet og Fana har reist til NM nærmast årleg, er Os Musikkforening nærmast for ‘aspirant’ å rekna. Dei stilte i år, men då var det heile 27 år sidan førre gong! Førre gangen, 1986, vann Os Musikkforening den øverste divisjonen. Så vart det behov for ein pause, og den pausen vart skikkeleg lang. Les meir om dette her!
