Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Refusjon av Vamp- billettar

$
0
0
Teaser: 

Informasjon om korleis du får refundert dine Vamp- billettar. 

Bilde: 

Konserten med Vamp som skulle ha vore på Oseana 7. desember vart dessverre avlyst. Dersom du hadde billettar til denne konserten, kan du få pengane refunderte. Merk at billettavgifta på kr. 25,- pr. billett ikkje kan refunderast. 

Det er kvar du har kjøpt billetten din som avgjer kvar du skal henvende deg for å få att pengane dine. 

 

  • Har du kjøpt billettar via nettsidene til Billettservice og fått dei tilsendt på mail, må du ta kontakt med Billettservice sin kundeservice på tlf. 815 33 133. Du kan også sende billettane i posten til Billettservice as, postboks 607, 8607 Mo i Rana. Merk konvolutten med «avlyst arrangement». 
  • Har du reservert billettane dine via Billettservice sine heimesider, men henta dei ut på anten Narvesen eller 7 Eleven, må du gå tilbake utsalsstaden, eller til ein annan kiosk innanfor den respektive kjeda. 
  • Dersom du har kjøpt eller henta ut billettane dine på Posten, må du også henvende deg til Billettservice sin kundeservice, då Posten ikkje lenger er distributør for Billettservice. 
  • Har du kjøpt eller henta ut billettane dine på Oseana, må du kome innom resepsjonen med billettane, og samstundes oppgje kontonummer. 

 

MERK: Det er kunden sitt ansvar å få billetten refundert! 

Fristen for refundering av billettar er 60 dagar, det vil seie at siste refunderingsfrist er 7. februar 2014.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571