Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Friskunst held fram!

$
0
0
Teaser: 

Oseana og Kavli sitt nye prosjekt Friskunst held fram utover våren. 

Bilde: 

Denne hausten starta Oseana opp tilbodet Friskunst, som er eit samarbeid mellom Oseana, Kavlifondet og Os kommune. 

- Oseana skal vere ei kulturell drivkraft i kommunen. I tillegg til å presentere eit inspirerande og samansett sesongprogram har vi og eit ynskje om å kunne vere eit møtepunkt for både born og ungdom. Difor har vi laga Friskunst, eit skuleprosjekt som sikrar alle skuleelevar i Os kulturopplevingar på Oseana gjennom skulen, seier direktør Ole Tobias Lindeberg.

Utgangspunktet for Friskunst- prosjektet er at Oseana skal kunne presentere dei same kunst- og kulturopplevingane for born som for vaksne. Ved å legge til rette framsyningane slik at dei passar betre for eit yngre publikum, og førebu elevane godt, skal dei få kunst- og kulturopplevingar gjennom skulekvardagen.

Denne hausten har alle 10. klassingar jobba med tematikk rundt Hip Hop- kulturen, og vore på besøk på Oseana der dei fekk eit foredrag frå dansaren Navid, som og viste utdrag frå framsyninga Each One Teach One. Denne framsyninga var på Oseana i regi av Riksteatret. 

Til våren er det 4. og 8. klassingar som skal på besøk til Oseana, deira sine prosjekt er knytte til kunsten i Griegsamlingen. I juni kjem også 6. klassingane innom, dei skal jobbe med klassisk musikk og få møte Bergen Filharmoniske Orkester. 

- Dei ulike prosjekta skal byggje på skulen sine fagplanar og inngå som ein del av kunst- og kulturundervisninga. Prosjektet går gjennom Os kommune slik at alle elevar i barne- og ungdomsskulen i kommunen skal besøkje Oseana fire gongar gjennom ein tiårig skulegong, forklarar Lindeberg.

Alle dei ulike prosjekta består av tre delar, eit forprosjekt som tek plass i klasserommet, ein oppfølgingsdel som skjer både på skulen og i heimen, og til sist eit besøk i Oseana.

- Det vil bli ein prosjektleiar knytt opp til kvart prosjekt, som har ansvar for både utviklinga av det pedagogiske opplegget og gjennomføringa av det, seier Lindeberg, som håpar at dette pilotprosjektet kan bli ein modell som fleire kulturhus på sikt kan gjere seg nytte av.

- Det å knyte allereie eksisterande aktivitet ved dei lokale kulturhusa opp i mot eit formidlingsperspektiv er noko som kan passe inn i fleire kulturhus enn Oseana. Dette prosjektet kan bli eit føregongsprosjekt på korleis ein inkluderar skule i det eksisterande kulturlivet, seier Lindeberg.

Prosjektet er finansiert gjennom støtte frå Kavlifondet, og er eit samarbeidsprosjekt mellom Oseana, Kavlifondet og Os kommune.

 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571