Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Kino: Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant

$
0
0
Teaser: 

Møt Allan, 100 år, som stikk av frå gamleheimen! 

Arrangementdato: 
søn, 2014-01-05 19:00

Etter eit langt og innhaldsrikt liv hamnar Allan Karlson på gamleheim, i den tru at det vil bli hans siste stopp. Problemet er at helsa framleis er utmerka, og at dagane difor blir veldig kjedelige. 

Då feiringa av Allan sin 100 års-dag nærmat seg, noko Allan ikkje er det minste interessert i, benyttar han sjansen til å røme frå sitt kjedelege liv. Gjennom vinduet. Ei lang rekke hendingar tek i staden Allan med på ei ellevill og uventa reise, i lag med ein gjeng kriminelle, mordarar, ein pose full av tusenlappar, ein elefant og ein inkompetent politibetjent. 

For alle andre ville dette ha vore eit eventyr for livet, men med Allan sin bakgrunn er det omtrent som vanleg. Ikkje berre har han vore vitne til nokon av historien sine viktigaste oppfinningar, han har også spela ei sentral rolle i mange av dei! Vi får høyre om Allan sine tidlegare eskapadar og den utrulege innverknaden han har hatt på verdshistoria, der han mellom anna har bidrege til å finne opp atombomba. Han kan og skilte med å ha blitt gode vener med alt frå amerikanske presidentar til russiske stats- tyrannar....

Filmen er basert på Jonas Jonasson sin bestselgarroman med same namn, og er regissert av Felix Herngren. I hovudrolla som Allan finn vi Roberg Gustafsson, som er kjent for mange nordmenn som den litt klønete og veldig uheldige Bertil Svendson i TV2- nøttene, påskenøttene med Kristian Ødegård i programleiarrolla. 

Filmen har 11 års aldersgrense. 

 

MERK! Det vil ikkje bli førehandsselt billettar til denne filmen, alt billettsal skjer i døra. Senteret opnar kl. 15.00 denne dagen, og vil halde ope kun for kino. Det vil ikkje bli anledning til å kjøpe billettservice- billettar eller besøkje museet. 

Ved å vise fram Kulturkort for Hordaland får du kr. 20,- i avslag på denne filmen. Ein billett pr. kort. Kortet må visast både ved kjøp og ved inngang i døra.


Pris: 
Kr. 100,-
Bilde: 
Lengde: 
1t 54min
Billettinfo: 
Billettar i døra.
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Kino: Hundreåringen ....
Karuselltittel: 
Hundreåringen som klatret ut av vinduet....
Karusellteaser: 
...og forsvant! Bygdekinoen 5. jan. kl. 19.00

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Trending Articles


FORECLOSURE OF REAL ESTATE MORTGAGE


Girasoles para colorear


mayabang Quotes, Torpe Quotes, tanga Quotes


Tagalog Quotes About Crush – Tagalog Love Quotes


OFW quotes : Pinoy Tagalog Quotes


Long Distance Relationship Tagalog Love Quotes


Tropa Quotes


Best Crush Tagalog Quotes And Sayings 2017


“BAHAY KUBO HUGOT”


Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.


Pokemon para colorear


Sapos para colorear


Tagalog Love Quotes – Nagmamahal


Break up Quotes Tagalog Love Quote – Broken Hearted Quotes Tagalog


Patama Quotes : Tagalog Inspirational Quotes


Tagalog Quotes To Move on and More Love Love Love Quotes


5 Tagalog Relationship Rules


Long distances monthsary message tagalog


Re:Mutton Pies (lleechef)


Vimeo 10.7.1 by Vimeo.com, Inc.