
18. januar stakk Gina Aspenes av med Spellemannsprisen i klassa for blues, og danka dermed ut gamle travarar som Bjørn Berge og Knut Reiersrud. No har du sjansen til å oppleve den ferske vinnaren på Oseanascena, i lag med eit stjernelag av andre Os- artistar!
Laurdag 15. februar inviterar Oseana i samarbeid med Os Turn til Festkonsert. På scena finn du utanom Gina både Leif Østrem og ORBO med band. Saman er dei klare for å gje osingane ein konsertkveld dei seint vil gløyme.
Konserten er ein del av Os Turn si jubileumsfeiring, Dette er fyrste konserten Gina held på heimebane etter sigeren, og attpåtil er ho gammal Os Turn- medlem! Det er med andre ord duka for ein retteleg stor musikalsk oppleving på Oseana!
Konserten har 18 års aldersgrense, og det er legitimasjonsplikt ved inngangen. Personar under 18 år kan kome inn i følge med ein person på over 25 år, ved å fylle ut eit vergeskjema ved inngangen.
Vil du lese meir om konserten, kan du gå hit. Vil du sikre deg billett med ein gong, kan du gå hit!