Bilde:

Torsdag 30. januar kjem Toralv Maurstad til Oseana i regi av Riksteatret. 87 år gamle Maurstad har sett seg på turnebussen og reiser no landet rundt for å gestalte sjølvaste Sokrates.
Riksteatret tilbyr publikum omlag kvar einaste gong moglegheita til å Oppleve Meir! I samband med framsyningane sine inviterar dei ofte til eit møte med skodespelarane, eit foredrag knytt til temaet eller ei samtale om aktuelle problemstillingar.
Denne gongen har du sjansen til å få møte dramaturgen for stykket, Tine Thomassen. Ho vil snakke om Sokrates og Athen - kven, kva og kor? Opplev Meir finn stad i Griegsamlingen kl. 18.30, og er gratis for alle som har billett til framsyninga. Foredraget varer i om lag 15 min.