Død snø 2 held fram der Død Snø sluttar. Martin, som er den einaste overlevande frå zombiearmeen sitt blodbad på påskefjellet, er på bilflukt ned fjellsidene. Med Herzog i helene krasjar han og sloknar. Ein arm fattigare vaknar han opp på sjukehuset. Han har ført nazizombiane ned frå fjellet og legane har erstatta armen hans med armen til zombieføraren Herzog.
Det tek ikkje lang tid før armen vender seg mot Martin og maltrakterer alle som kjem i hans veg. I det han rømer frå massakren blir Martin kontakta av "The Zombie Squad" - direkte frå zombifilmen sitt heimland, USA. Dei vil hjelpe han med å føre Nazizombiene tilbake i sine kalde snøgraver. Samtidig marsjerar Herzog mot sivilisasjonen for å gjere opp gamal tysk gjeld. Desperat etter å unnsleppe den bestialske armen hans, hjelper ein emo- resepsjonist Martin med å finne ut av kvar Herzog er på veg. I det dei blir angrepne av det som er ein for så vidt ufarleg handikappa zombie, kjem det tre sagnomsuste "Zombie Squad". Dei viser seg å vere tre spinkle filmnerdar som kun har sett zombiar på skjermen.
Herzog sin armé veks seg større og større på si hevntokt. Kun Martin, tre amerikanske filmnerdar, ein handikappa zombie og ein lokal emogut kan stoppe dei. Nazizombiane sin krig har berre så vidt begynt i filmen kor knuste bein og daudt blod ikkje får tid å størkne før det lever igjen. Skjulte etterkrigslevningar vaknar og kampen mot Nazizombiane er i gang!
Ved å vise fram Kulturkort for Hordaland får du kr. 20,- i avslag på denne filmen. Ein billett pr. kort. Kortet må visast både ved kjøp og ved inngang i døra.
Clik here to view.
