
Tysdag 18. februar kjem Riksteatret med si kritikarroste framsyning Leve Posthornet, som er basert på Vigdis Hjort sin roman med same namn. I førekant av stykket inviterar teatersjef Ellen Horn og regissør Marit Moum Aune til introduksjonsforedrag, der dei vil snakke om prosessen "Frå bok til teater". Introduksjonen vil foregå i Griegsamlingen kl. 18.15, og er gratis for alle som har billett til stykket.
Leve Posthornet handlar om Ellinor, som lever i eit meiningslaust tilvære som kommunikasjonsrådgjevar i storbyen. Ho vågar ikkje ta val i redsel for at det kanskje finnast noko betre. Ironisk nok skal eit møte med ein postmann frå Finnmark gje livet etterlengta meining.
- Vigdis Hjort er personleg, eksistensiell og engasjert. Ho treff ein nerve hos mange av oss, seier regissør Moum Aune. - Det same håpar eg at teaterframsyninga vår vil gjere, seier regissøren, som er kjend for å lage suksessoppsetningar av romanar.
Vil du lese meir om stykket, kan du gå hit. Vil du kjøpe billett, kan du gå hit.