Haustens sesong av jazzkaféar vart ein stor suksess, med fulle hus og stornøgd publikum. No startar jazzkaféane opp att, og fyrst ut er Sigurd Ulveseth Trio, som består av Eirik Halvorsen, piano, Frank Johnsen, trommer og Sigurd Ulveseth, kontrabass.
Sigurd Ulveseth er ein røynd musikar i det norske jazzmiljøet. Han har spelt med ei rekkje kjende musikarar, og har mellom anna gjeve ut tre album saman med Adam Nussbaum. I tillegg er han ein del av mange ulike bandkonstellasjonar. Sigurd har motteke både Vossajazzprisen og Statoils Sildajazzpris i løpet av si karriere. Han kan og skilte med å ha vore på turné i Vietnam med Urban Connection!
Frank Jakobsen er ein av dei fremste trommeslagarane i landet. Han har spelt med ei rekke kjende musikarar som Joe Henderson, Jerry Bergozi og mange fleire. Han har motteke både Griegprisen og Vossajazzprisen.
Pianist Erik Håkon Halvorsen er busett i Bergen, og har virka som musikar sidan midten av 90- talet. Han har vore landsdelsmusikar i Nord- Noreg og medverka på ei lang rekkje innspelingar og turnéar, mellom andre saman med Sondre Lerche, Bergen Big Band, Angelique Kidjo og Daniel Amaro. Ved sidan av å spele, studerar han komposisjon ved Griegakademiet.
Repertoaret denne kvelden blir ei blanding av eige stoff, samt standard jazz av det svingande slaget! Jazzkaféen startar kl. 15.00, og det blir som vanleg loddsal i pausen!
