Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Tony 10

$
0
0
Teaser: 

Ein herleg familiefilm om kranar, tidsklemma og ein gut som skal feire 10 års dagen sin!

Arrinfo: 
Arrangementdato: 
søn, 2013-02-03 16:00

Tony på ni år er ein heldig gut. Han har foreldre som er glade i både han og kvarandre. I tillegg bor dei blant kranar og liftar, den store lidenskapen til både Tony og pappa. Tony og mamma er veldig stolte av pappaen. Han er nok verdas beste kranførar og blir plutseleg landet sin transportminister. Men då får ikkje Tony sjå så mykje til pappaen sin meir, for han jobbar både seint og tidleg. Og så blir han borte om nettene! Har pappa fått seg ny kjæreste? Og kven kan det vere, er det sjølvaste dronninga? Skal foreldra til Tony skilje seg? Dette og mykje meir må Tony finne ut av og ordne opp i, slik at familien nok ein gong kan samlast før han fyller ti år.

Tony 10 er eit moderne eventyr for heile familien, som tek føre seg mellom anna tidsklemma gjennom augene på ein nesten ti år gamal gut. Den er godt dubba til norsk med stemmene til mellom anna Lucas Holter, Line Verndal, Christian Skolmen, Simon Andersen og Mia Gundersen.

Filmen er tilleten for alle, og varer i 1t 25min.

 

Sjå trailer for filmen her!

 

Pris: 
Kr. 80,-
Body2: 
Bilde: 
Lengde: 
1t 25min
Regi: 
Scenografi: 
Billettinfo: 
Billettar til sals frå 29. januar, kun i resepsjonen på Oseana
Arrangør: 
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Kino: Tony 10

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571