Bilde:

Laurdag 26. april kjem "Hver gang vi møtes"- aktuelle Sigvart Dagsland til Oseana. Dagsland er ein av dei sju songarane som er med i TV2-programmet denne sesongen, og dei har hausta gode kritikkar. Laurdag 29. mars er det "Sigvarts dag", der dei andre seks deltakarane skal skape sine eigne versjonar av Dagslands songar. Det kan bli mange vakre augneblink og tonar frå TV-skjermen laurdag kveld, og det blir det og når han kjem hit i april. Får du lyst til å kjøpe billettar når du har sett han på skjermen, kan du gå rett på denne lenkja her.