
Oseana sitt sesongprogram vart sluppe før sommaren, og billettsalet er i gong! Også denne hausten er det mykje fint du kan ta med deg borna på, sjå berre her:
2. august kl. 12.00: Kardemommeby - konsertversjon
I anledning Osfest blir det konsert for borna på terrassen på Oseana! Les meir eller kjøp billett!
13. september kl. 17.00: Hundre hemmeligheter
Riksteatret kjem med ein spennande og nyskriven musikal om Jørgen og dei mystiske breva! Les meir eller kjøp billett!
14. september kl. 13.00: Trommesirkel med Trommelars
Tre søndagar utover hausten kan du tromme saman med Trommelars! Les meir her!
27. september kl. 16.00: Øisteins blyant - teikneshow
Øistein, kjend frå Barne-TV kjem for å teikne på Oseana! Les meir eller kjøp billett!
12. oktober kl. 13.00: Trommesirkel med Trommelars
Tre søndagar utover hausten kan du tromme saman med Trommelars! Les meir her
18. oktober kl. 16.00: FargeSpill
Opplev born og unge frå heile verda i desse kritikarroste konsertane. Ein publikumsfavoritt! Les meir eller kjøp billett!
9. november kl. 13.00: Trommesirkel med Trommelars
Tre søndagar utover hausten kan du tromme saman med Trommelars! Les meir her
15. november kl. 16.00: Tubabaluba med Karius og Baktus
Eit musikalsk teater for dei aller minste- passar frå 3 år og oppover. Les meir eller kjøp billett!
19. november kl. 19.00: Sing, sing, sing!
Show av og med alle 10. klassingar på Nore Neset skule. Les meir her!
I tillegg minner vi om Bygdekinoen som denne hausten er her i partalsveker, med oppstart søndag 24. august. Oppdatert kinooversikt finn du til ei kvar tid her.
Vi ynskjer både små og store velkomne til ein flott Oseanahaust!