
Oseana har mange scener å spele på, og restauranten er ein av dei som vi nyttar med hell! No har du sjansen til å få med deg ein flott konsert i flotte omgjevnadar, og med ein flott middag i tillegg!
Fredag 15. august kl. 21.00 står Steinar Albrigtsen og Monika Nordi på scena i restauranten. Steinar Albrigtsen skulle vere eit kjent blad for dei fleste, med si lange fartstid og store posisjon i norsk roots & country-sjangeren. Han har samarbeida med fleire store artistar av både norsk og utanlandsk format, og han sto seinast på scena under Osfest saman med Jørn Hoel.
Siste samarbeidspartner er kona Monica Nordli. Dei har gjennom dei siste tre åra samarbeida som låtskrivarar og scenekollegaer. Både Steinar og Monika ga i 2011 ut norskspråklege plater, så dei som tidlegare berre har høyrt Steinar synge på engelsk kan no gle seg over eit nydeleg alternativt uttrykk på nordnorsk saman med Monika. Stikkorda er musikalsk særpreg med signatur, blanda med elegant instrumentering og vakre låtar. Set til ein porsjon melankoli og to porsjonar humor, så skulle du ha oppskrifta på ei spennande musikalsk og sjelfull oppleving!
Billettar kr. 300,- kun i døra!
Det er også mogleg å få ei spanade og sjelfull kulinarisk oppleving denne kvelden! Frå kl. 18.30 serverar restauranten sin etter kvart berømte Tapas- tallerken! Kr. 195,- pr. bordreservasjon. Ring 53 69 51 40 for bestilling.