Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Gratisframsyning med Slask og Strilaringen

$
0
0
Teaser: 

Tysdag 19. august har du sjansen til å få med deg gratisframsyning med polsk og norsk folkedans! 

Arrangementdato: 
tir, 19/08/2014 - 19:00

Tysdag 19. august besøkjer folkedansgruppa Strilaringen Oseana, og med seg har dei Slask Song and Dance Ensamble frå Polen. Besøkjet er ein del av ein større Vestlandsturne, og danseframsyningane er siste del av eit felles prosjekt med støtte frå EØS sine kulturutvekslingsmidlar. Alle danseframsyningane er gratis.

Slask Song and Dance Ensamble er ei verdskjent profesjonell dansegruppe. Dei er kjende for sine imponerande danseshow med fart og presisjon, mange kostymeskift, fargerike drakter, imponerande spenst og dristige løft. 

Strilaringen vart kontakta av Slask- ensamblet hausten 2012, og saman sende dei inn ein felles søknad til kulturdepartementet i Polen. Målet med prosjektet er å vise mangfaldet og det folkelege i folkedans, og bidra til at tradisjonar vert haldne i hevd. Det er Norsk Kulturråd som har lagt til rette for samarbeidsprogrammet mellom EØS- land og ulike EU-land, som til dømes Polen. 

Strilaringen har våren 2014 vore i Polen og vore med på framsyningar der, og no er det Slask sin tur til å kome til Noreg. Strilaringen og Slask har kvar sine innslag i framsyninga, og begge programma er sette saman for å vise særpreget og mangfaldet folkedans har, uansett land. Strilaringen sitt program er sett saman av bygdedans, runddans, rekkjedans og songdans, samt lydslåttar. 

Framsyninga har gratis inngong for alle, og er ein flott sjanse til å få med seg både polsk og norsk dansekultur! 

 

Strilaringen på Facebook

Pris: 
Gratis inngang!
Lengde: 
1t 15min
Bilde: 
Fleire bilde: 
Arrangør: 
Strilaringen
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Gratis danseframsyning
Karuselltittel: 
Gratis danseframsyning!
Karusellteaser: 
Norsk og polsk folkedans tysdag 19. august kl. 19.00

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Trending Articles


Girasoles para colorear


mayabang Quotes, Torpe Quotes, tanga Quotes


Tagalog Quotes About Crush – Tagalog Love Quotes


OFW quotes : Pinoy Tagalog Quotes


Long Distance Relationship Tagalog Love Quotes


Tagalog Quotes To Move on and More Love Love Love Quotes


5 Tagalog Relationship Rules


Best Crush Tagalog Quotes And Sayings 2017


Re:Mutton Pies (lleechef)


FORECLOSURE OF REAL ESTATE MORTGAGE


Sapos para colorear


tagalog love Quotes – Tiwala Quotes


Break up Quotes Tagalog Love Quote – Broken Hearted Quotes Tagalog


Patama Quotes : Tagalog Inspirational Quotes


Pamatay na Banat and Mga Patama Love Quotes


Tagalog Long Distance Relationship Love Quotes


BARKADA TAGALOG QUOTES


“BAHAY KUBO HUGOT”


Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.


Vimeo 10.7.1 by Vimeo.com, Inc.