MERK: Trommesirkelen som skulle ha vore 12. oktober er flytta til denne datoen, 26. oktober.
Me har gleda av å ønskje nye og gamle trommevener velkomen til familietrommesirkel!
Her kan du kome og oppleve rytmisk samspel med menneske i alle aldrar, både nybyrjarar og dei som har haldt på ei stund. Dette er ein spanende måte å skape noko saman med borna, men du er også hjarteleg velkomen utan familie og born… På ein leiken måte lærer Lars deltakarane til å lage ekte trommemusikk ilag. Vi brukar alle slags trommer og rytmeinstrument til å lokke fram musikken i oss! Einkvar får delta på sitt nivå og ut frå sine forutsetningar, og ingen risikerer å spele feil…(!)
Anbefalt alder: Frå 4 år og oppover.
MERK! Det er kun 30 plassar kvar søndag. Fyrstemann til mølla!
