
Søndag 24. august startar Bygdekinoen oppatt sine visningar på Oseana, og fyrst ute er den nye norske storsatsninga Børning, med tema frå gatebil- miljøet. Filmen har eit stjernelag av norske skodespelarar på rollelista, og har allereie blitt sett av over 130.000 publikummarar i løpet av fyrste spelehelg!
Bilmiljøet er stort og mangfaldig, også på Os! Søndag stiller Os Amcar Club med to køyrety på plassen utanfor Oseana, i høve filmen.
- Vi vart kontakta av amcar- klubben, som på eige initiativ tilbaud seg å vere med på dette. Sjølvsagt takka vi ja, seier kulturhusvert Janne Mari HJelle.
- Dei kjem med tre bilar allereie frå kl. 18.00, så her er det god anledning for bilinteresserte og andre nysgjerrige til å kome i nærkontakt med flotte bilar, seier Hjelle.
Styremedlem i Os Amcar Club, Miriam Paulsen kan fortelje at ein av bilane som kjem denne kvelden faktisk er med i filmen!
- Bilen som er med i filmen er ein blå Mercury Couger 1968 modell. I tillegg kjem vi med ein grå Pontiac GTO driftebil og ein mørk blå AC Cobra. Dersom det regnar denne dagen blir vi nok nøydde å byte ut Cobra'en med ein mint-grønn Chevrolet Camaro 1981 modell, da Cobraen ikkje har tak, forklarar Miriam.
- Ikkje at det er noko dårleg byte, då!
Billettar til Børning er i sal i resepsjonen på Oseana, og er du lur sikrar du deg billettar på førehand.
Følg gjerne dei eigne kinosidene våre på Facebook for siste oppdateringar på kinofronten!