Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Beatles

$
0
0
Teaser: 

Haustens store norske filmsatsing! 

Arrinfo: 

Ein av dei største romanane i norsk etterkrigstid er blitt film! Beatles byggjer på Lars Saabye Christensen sin fantastiske roman om Kim, Seb, Ola og Gunnar. 

På ein norskeksamen i 1968 fortel Kim Karlsen historia om året som har gått. Historia om Beatles. Historia om året då Kim, som verken kan synge eller spele, blir utnemd til gutegjengen sitt svar på Paul McCartney. Året då dei starta band. Året då Kim og gjengen måtte danke ut konkurrerande band og sjarmere iskalde Cecilie'r for å kunne krone seg sjølv verdig sine store roller: The Beatles. I sin kamp for å vinne hjartet til Cecilie innser Kim til slutt kva historie han må fortelje. Sin eigen. 

Beatles er historia om Kim, Seb, Ola og Gunnar. Ei historie om kjærleik, vennskap og naiv tru på framtida. Om ein gutegjeng som ufrivillig veks opp, og mistar kvarandre i livets mange fallgruver. Filmen er også ei beretning om korleis samhald og ein felles kjærleik for bandet Beatles kan bringe ein vennegjeng tilbake frå kanten av avgrunnen. 

 

Filmen varer i 1t 54 min og har 7 års aldersgrense. 

 

Ved å vise fram Kulturkort for Hordaland får du kr. 20,- i avslag på denne filmen. Ein billett pr. kort. Kortet må visast både ved kjøp og ved inngang i døra.

 

Arrangementdato: 
søn, 07/09/2014 - 19:00
Body2: 
Pris: 
Kr. 100,-
Bilde: 
Lengde: 
1t 54min
Regi: 
Billettinfo: 
Billettar i sal frå 1. september, berre i resepsjonen på Oseana
Arrangør: 
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Kino: Beatles
Karuselltittel: 
Beatles
Karusellteaser: 
Den nye norske storfilmen! Søndag 7. september kl. 19.00

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571