
I haust vann Fargespill årets Eglantyne Jebb-pris. Eglantyne Jebb-prisen, Redd Barna sin eigen barnerettspris, blei i år delt ut for sjette gang. Prisen gis til enkeltpersonar, grupper, organisasjonar, bedrifter eller andre som har gjort en særskilt innsats for å styrke barns rettar eller bekjempe brot på barns rettar i Noreg. I år fekk stiftelsen Fargespill, med alle deira involverte, prisen.
FARGESPILL er eit kompani beståande av born og ungdom frå heile verda, inkludert Noreg. På scena møter vi rundt 80 born og unge frå om lag 30 ulike land. Dei representerar fleire religiøse retningar og har svært ulik alder og bakgrunn. Dei byr på eit nært, musikalsk møte med unge menneske si historie om kven dei er og kvar dei kjem frå, avdekka gjennom musikk og dans frå deira respektive land. Små perler som vi aldri hadde fått oppleve om ikkje desse ungdomane hadde kome hit. På ein imponerande måte foreinast desse musikalske perlene med urban ungdomskultur og våre eigne norske musikktradisjonar. Opplevinga bærast fram av eit stort profesjonelt apparat av musikarar, koreografar, instruktørar, lyd- og lysdesignarar og scenografar.
- Fargespill er utruleg takknemleg for å motta årets Redd Barnas Eglantyne Jebb-pris! Det betyr mykje for oss at ein så sterk og viktig organisasjon som Redd Barna ser verdien av Fargespill, seier Ole Hamre, kunstnarisk leiar i Fargespill.
Det er etter råd frå barn og unge at Fargespill får prisen. I arbeidet med å kåre vinnaren, har Redd Barna spurt om barn og unge sine meiningar. Hos barna var det en kandidat som skilde seg ut og blei storfavoritt. Borna og ungdommane sa at Fargespill kan være med på å forhindre og bryte ned fordomar på et tidleg aldersnivå. Vidare trakk dei fram at det er viktig for at born som har ein annan bakgrunn kan vere stolte av sin eigen kultur og dela den. Alle borna og ungdommane Redd Barna snakka med synes det er fint at borna sjølv er med på å lage det som blir framført på scenen.
- På Fargespillscenen står born og ungdom frå heile verda og fortel sine historier gjennom kulturarven dei har med seg frå sine respektive land. Dei viser kor åpenbart det er at vi er like og kor berikande det er at vi er forskjellige. Synleggjering av den kunstnariske og kulturelle kompetansen desse unge ber med seg, beriker og forandrar norsk kunst og kulturliv, og dermed også samfunnet vårt, seier Hamre.
Fargespill kjem til Oseana med framsyninga Fargefest laurdag 18.10. Klokkeslettet er satt til kl 16:00 så også born kan få med seg denne farge-og musikkfylte framsyninga.