
- Vi er særs nøgde med dei ekstra tilskota vi har fått inn på eit allereie rikt haustprogram, smiler ein nøgd arrangementssjef, Berit Steen.
Haustprogrammet vart sluppe allereie før sommaren, og gjennom heile sommaren har folk kunne kjøpt billettar til alle haustens framsyningar. No opnar Steen arrangementssekken og slepp ut ytterlegare to godbitar ho håpar vil falle i smak hos Oseanapublikummet.
- I desember får vi to konsertar vi har ynskt oss lenge! Fyrst ute er Odd Nordstoga 10. desember.
Odd Nordstoga er eit kjend namn for dei fleste, og han har gjennom dei siste ti åra etablert seg som ein av dei mest folkekjære musikarane i landet. No skal han stå aleine på Oseanascena, og med seg har han eit stort knippe av både nye og gamle songar. Les meir her eller kjøp billettar her!
Veka etter står ein annan folkekjær artist på scena i Oseanasalen, nemleg Anita Skorgan.
- Anita Skorgan reiser i år rundt med sin heilt eigen julekonsert, saman med eit knippe dyktige musikarar. Ho har med seg Terje Nordby som også vil framføre Charles Dickens sitt juleevangelium, eller A Christmas Carol som er det engelske namnet. Denne konserten er 16. desember, og ein finare inngong til julehøgtida kan ein vel neppe få, seier Steen.
Les meir her om Anita Skorgan sin konsert, eller trykk her for å kome direkte til billettkjøp.
Billettane er i sal på www.billettservice.no, eller i resepsjonen på Oseana.