Foto: Magnus Stivi
Det er no ti år sidan Odd slo igjennom for alvor. Kveldssong for meg og deg, eller Grisen står og hyler, som den heiter på folkemunne, vart ein kjempesuksess og fann sitt publikum i alle aldrar.
Sidan den gong har Nordstoga gjeve ut ytterlegare fire soloalbum, alle beståande av songar som har blitt ein del av den norske songskatten. Frøken Frantzen, Lause Ting, Dagane, Bestevenn, Ein Farfar i Livet og ikkje minst Heim te mor har gjeve Nordstoga ein unik plass i norsk musikkliv.
I tillegg til soloalbuma har han også gjeve ut storsuksessen Strålande Jul, juleplata han laga med Sissel Kyrkjebø. Han har også laga musikk til barne-TV-seriane Linus i Svingen, Jul i Svingen og Vaffelhjarte. I 2013 ga han ut Heimafrå saman med Noregs nye songskatt, Ingeborg Bratland. Denne vart også kåra til ein av årets ti beste plater av VG.
Med ein bunke kanonlåtar - og Odd aleine på scena med gitar og trekkspel, skal publikum takast med gjennom ti år med Odd og feire både musikken og kjærleiken. Dette blir ein stor kveld - sikre deg billett no!
