
Det nærmar seg jul, og søndag 2. desember har du mange sjansar til å kome i den rette julestemninga dersom du legg turen innom Oseana.
- Vi pyntar foajeen med juletre før vi tek i mot til konsert med Nordic Tenors kl. 18.00 denne kvelden, fortel arrangementssjef Berit Steen. Dei tre tenorane fylde to fulle hus i fjor, og gjentek suksessen i år.
- Det er framleis billettar att, men ikkje vent for lenge dersom du ynskjer å gå, det minkar på dei, oppmodar Steen.
Restaurant Færingen byr på julebuffet kvar søndag i heile november.
- Vi tilbyr ein tradisjonell julematbuffet med både varme og kalde rettar, og eit flott dessertbord, fortel kjøkensjef Steffen Færø.
- Buffeten opnar kl. 14.00, og for bordbestilling kan du anten stikke innom eller ringe oss i våre opningstider. Du når oss på 957 03 900, fortel Steffen.
Denne søndagen blir det også ekstra stemning til julematen, då ei gruppe frå Os & Kuventræ skulekorps vil spele vakre juletonar kl. 14.00. Det ligg med andre ord godt til rette for ein stemningsfull søndag i Oseana!
Steen minner om at det no også er lagt ut seks arrangement frå vårprogrammet, med gode førjulsprisar på billettane.
- Kvifor ikkje gjere ferdig julehandelen på Oseana i år, spør ho, og minner samstundes om at det er råd å kjøpe gåvekort dersom det skulle vere vanskeleg å gje vekk billettar i gåve.