Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Nøtteknekkeren

$
0
0
Teaser: 

Sjå Nøtteknekkeren direkte frå Den Norske Opera & Ballett i Bjørvika!

Laurdag 22. desember kan du få vere med på ei storhending i Oseana. Den klassiske juleframsyninga "Nøtteknekkeren" blir dansa på scena i Bjørvika, og du kan sjå alt direkte i salen på Oseana!

Nøtteknekkeren er ved sidan av Svanesjøen, ein av verdas mest kjende ballettar. Den er opprinneleg eit eventyr skrive av den tyske forfattaren E.T.A Hoffmann, men det er Alexandre Dumas sin versjon som den russiske komponisten Peter Tsjaikovskij laga ballett ut av. Nøtteknekkeren blir vist på teater- og operascener over heile verda i juletider.

Nøtteknekkeren er klassisk ballettmagi med Tsjajkovskij sin smittande musikk. Dette er Nasjonalballetten sitt juleeventyr! Historia startar i familien Stahlbaum sin heim i det juletreet tennast og store og små festgjester strøymer inn. Blant gjestane er den mystiske herr Drosselmeyer, som gjve lille-Clara ein nøtteknekkar forma som ein soldat. Det ser ut som ein heilt vanleg leike, men så, om natta, byrjar mystiske og magiske ting å skje. Etter familien sitt juleselskap legg Clara ut på ei draumereise. Saman med Nøtteknekkerprinsen besøkjer ho fjerne stader som Snødronninga sitt land og Blomsterfeen sitt land, og opplever dans frå alle verdehjørne. Her er små og store ballerinaer, fargerike kostymer og storslagne scenebilde.

Framsyninga blir streama direkte,det vil seie den blir sendt som direktesending på lerretet i Oseanasalen. Streaminga startar kl. 15:00, der vi tel ned til framsyningsstart kl. 15:30. Kl. 15:10 får vi eit direkte intervju med ballettsjef Ingrid Lorentzen, før vi kl. 15:20 blir med bak scena og får med oss dei siste nervane før dansarane skal ut på scena. Kl. 15:30 startar det heile. Balletten varer i 2 timar, inkl. ein pause på 15 minutt. I pausen får vi også bli med bak scena igjen.

Heile Nasjonalballetten er med, og blant dei 12 dansarane som alternerer i hovudrollene som Sukkerfeen og Nøtteknekkerprinsen finn vi Clair Constant, Chihiro Nomura, Yolanda Correa, Dirk Weyershausen, Philip Currell og Yoel Carreño. Rolla som Clara dansast blant andre av Grete Sofie Borud Nybakken og Cina Espejord. For fyrste gong får Aurora Stray-Pedersen (11) og Ine Marie Esbensen (11) prøve seg i rolla som lille-Clara, mens August Bjerkan Holtstangen (13) og Mathias Philip Møller Tannæs (11) alternerer i rolla som bror hennar Fritz. I tillegg dansar 90 ballettskuleelevar alt frå snøballar og mus til søtsaker, marsipan, nissar, festgjester og tenestejenter.

Nasjonalballettens Nøtteknekker er koreografert av Dinna Bjørn og dansast for 18. året på rad. Tsjajkovskij sin musikk spelast av Operaorkestret under leiing av Alexander Walker og Terje Boye Hansen.

 

Sjå video av Snøflakenes vals under! (Merk - ikkje henta frå Den Norske Opera & Ballett)

Arrangementdato: 
lør, 2012-12-22 15:00
Pris: 
Vaksne kr. 175,- Born kr. 125,-
Lengde: 
2t 30min inkl. pause
Bilde: 
Billettinfo: 
Sendinga startar kl. 15:00, balletten startar kl. 15:30
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Nøtteknekkeren
Karuselltittel: 
Nøtteknekkeren
Karusellteaser: 
Sjå den berømte balletten direkte frå scena i Bjørvika!

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Trending Articles


EASY COME, EASY GO


UPDATE SC IDOL: TWO BECOME ONE


Pokemon para colorear


Sapos para colorear


Love Quotes Tagalog


Two timer Sad tagalog Love quotes


INUMAN QUOTES


Re:Mutton Pies (lleechef)


Ka longiing longsem kaba skhem bad kaba khlain ka pynlong kein ia ka...


Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.


FORECLOSURE OF REAL ESTATE MORTGAGE


HOY PANGIT, MAGBAYAD KA!


Girasoles para colorear


Presence Quotes – Positive Quotes


Long Distance Relationship Tagalog Love Quotes


Top 7 Lies of Boys


“Mali man na ikaw ay ibigin ko, akoy iibig padin sayo”


RE: Mutton Pies (frankie241)


Hato lada ym dei namar ka jingpyrshah jong U JJM Nichols Roy (Bah Joy) ngin...


Vimeo 10.7.1 by Vimeo.com, Inc.