Eirik del Barco Soleglad er kanskje den mest bergenske nordlendingen du finn på ei scene i heile Noreg. Eksilnordlendingen har budd så lenge i Bergen at han har starta å heie på Brann! Kjeftamentet går kjappare enn hans eigen skugge, og poenga kjem som perler på ei snor.
For mange er kanskje Eirik meir kjent frå teaterscena enn frå stand up- scena. Han har vore tilsett både ved Hordaland Teater og ved Den Nationale Scene, der han har medverka i publikumssuksessar som Robin Hoods hjerte, Ulverock og Jungelboken. Han har samstundes vore ein sentral karakter i det bergenske humorliv, mellom anna med sin faste plass i Bergen Inprolaug. Eirik vart fullt fortjent nominert til Komiprisen for det forrige showet sitt "En del Barco en del Soleglad". No gjer han suksess med sitt nye show, der han har hatt halvparten av Ylvis, Bård Ylvisåker i registolen. Showet heiter kort og godt Barco, og hadde premiere på Centralteatret i Oslo hausten 2014.
I dette showet går tankar om tilhøyrigheit som understraumar i teksten. Barco leitar og leiker seg gjennom særtrekk og merkverdigheiter i parallelle røyndomar, nokon gongar om røyndomar som står langt i frå kvarandre, men oftare som sameksisterande røyndomar, ja nokon gongar endog under same tak. Emne som i opplista for kan lyde som ei rekkje digresjonar, bind Eirik saman som ein naturleg styrt tankeflyt der også omvegane viser seg å ha eit mål.
Dagbladet kalla showet for ein sosialantropologisk sjarmoffensiv, og berømma Barco med ein soleklar 5'ar på terningen for scenetekket sitt. Anten han snakka om teoriar om Jesu tapte år, om norsk topografi, vêrforholda si innverknad på norske dialekter, om nordnorske eksportartiklar (altså han sjølv) eller om patriotiske sportsprestasjonar, brukar Eirik skodespelarverktya sine raust og generøst. Eit ekspressivt og presist kroppsspråk og ei like presis dialektbevisstheit gjer han til ein uvanleg uttrykksfull og mangesidig komikar.
Dette er verkeleg eit show du bør få med deg - velkomen til Barco!
FØRJULSPRISAR FRAM TIL 24. DESEMBER!
Fram til 24. desember har vi førjulstilbod på utvalde arrangement! Kvifor ikkje gje vekk ei oppleving i julegåve? Stikk innom Oseana og kjøp billettar, eller kjøp dei på www.billettservice.no.
Ordinærpris kr. 350,- Førjulspris 295,-
MIDDAG OG KONSERT?
Kvifor ikkje kombinere konserten med ein middag, og gjere det til ein heilaftan? Restauranten tilbyr herlege rettar til gode prisar! Ring 53 69 51 40 for bordbestilling!
