Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Førjulsslepp med gode prisar

$
0
0
Teaser: 

Nokre av vårens arrangement sleppast i dag med førjulsprisar! 

Bilde: 

I dag slepp Oseana sjå av vårens arrangement i ein gåvepakke til osingane. 

  - Det har jo etter kvart blitt tradisjon at vi slepp nokre kattar ut av sekken før neste sesong startar, og i år er ikkje noko unnatak, smiler arrangementssjef Berit Steen, som stolt kan presentere sju av det ho meiner blir årets høgdepunkt på Oseanavåren. 

  - Vi er opptekne av å lage ei god bredde i programmet vårt når vi programmerer, her skal vere noko for ein kvar smak, seier Steen. 

  - I tillegg har alle desse sju arrangementa førjulspris, det vil seie at billettane er rabatterte frå og med no og fram til julaftan. Så her er det gode moglegheiter for å gjere mange gode julegåvekjøp!

 

Noko for alle generasjonar

Dei sju arrangementa viser noko av breidda Oseana tilstrebar å ha i programmet sitt. Her er det noko for ein kvar smak og generasjon. 

  - 24. januar har vi eit barneteater som heiter Alf, som er bygd på Alf Prøysen sitt univers, medan vi 27. januar får Knut Jørgen Røed Ødegaard og kona Anne Mette Sannes hit med sitt populære astroshow Ad Astra 2222. Dette er eit arrangement der minst tre generasjonar i familien kan gå saman, meiner Steen. 

 

Lokale og internasjonale musikkdronningar

  - På konsertfronten har vi mange godbitar denne våren, og fire av dei er presenterte her. Vi er sjølvsagt svært stolte over at sjølvaste Aurora Aksnes held ein av sine få konsertar i Noreg i 2015 nettopp her på Oseana! Det blir stor stas å få Aurora på Oseanascena 14. februar, seier Steen. 

Og frå ei gryande musikkdronning til ei litt meir dreven, 7. februar står sjølvaste Lill- Babs klar i Oseanasalen. 

  - Lill- Babs er jo nærast for ein institusjon i seg sjølv å reikne! Vi meiner ho har ei minst like stor fan-skare i Noreg som ho har i Sverige, og med hennar driv og scenetekke er dette verkeleg ein konsert å få med seg, seier Steen, som meiner dette må vere årets julegåvetips til foreldre og besteforeldre som "har alt"!

  - I tillegg kjem Vadresgutane i folkrock-gruppa Staut 19. februar, og rockedronninga Anne Grete Preus 19. mars. 

 

Humor med Barco

Humorshow er noko osingane veit å sette pris på, og denne våren er det ein nordlendsk bergensar som skal lokke fram latterkrampene hos osingane. 

  - Eirik del Barco Soleglad er både skodespelar og komikar, og kjend frå både Den Nationale Scene og frå humorgruppa Bergen Improlaug. 21. mars kjem han med sitt nye humorshow Barco, der han har hatt Bård Ylvisåker i registolen. Showet har fått svært gode kritikkar i Oslopressa, så her trur vi osingane har noko å sjå fram til! 

Resten av vårprorgrammet held Steen tett til brystet, heilt fram til 13. desember. Då lovar ho endå fleire godbitar til osingane. 

  - Dette er berre ein prøvesmak. Det er framleis mykje godt i vente, avsluttar ho. 

 

Trykk på titlane i teksten for å kome direkte til omtale, eller sjå oversikt over alle våre arrangement her. Alle arrangementsomtaler inneheld direktelinkar til billettkjøp på Billettservice sine heimesider. Du kan også stikke innom Oseana, Narvesen eller 7Eleven og kjøpe billettar direkte, eller ringe Oseana for bestilling på 917 50 231. 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571