Denne filmen er Hodejegerne-regissør Morten Tyldum sin USA- debut! The Imitation Game med Benedict Cumberbatch og Keira Knightley i hovudrollene er ein dramatisk thriller om den brilliante vitskapsmannen Alan Turing sine forsøk på å knekke Hitler-Tyskland sine Enigma-krypteringar under andre verdskrig.
Ein vinterdag i 1952 tok britiske myndigheiter seg inn i heimen til matematikaren, krypteringseksperten og krigshelten Alan Turing for å etterforske eit innbrot. Overraskande nok ender det med arrestasjon av vitskapsmannen. Han vart anklaga for grov uanstendigheit, med utgangspunkt i eit syn på at homoseksualitet var noko kriminelt.
Myndigheitene var heilt uvitande om at byttet deira var sjølve pioneren innanfor moderne datateknologi. For Alan Turing var mannen bak ei stor bragd under andre verdskrig. Med ei spesialgruppe beståande av studentar, språkvitarar, sjakkmeisterar og etterretningsagentar lukkast han i å tolke Hitler- Tysklands såkalla uløyselege kodar, og forstå sentrale krypteringar generert av krigsmkata sine avanserte Enigma- maskiner.
The Imitation Game er den intense og nervepirrande historia om det brilliante, men kompliserte geniet Alan Turing, som under umenneskelege press bidro til å forkorte ein verdskrig, og redde livet til titusenvis av menneske.
Filmen varer i 1t 54 min og har 11 års aldersgrense.
Er du mellom 16 og 20 år og har Kulturkort for Hordaland? Då kan du få kr. 20,- i avslag på denne filmen ved å vise fram kortet både ved kjøp og ved inngang i døra. Ein billett pr. kort.
