Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Oseana blir fulldistributør

$
0
0
Teaser: 

No kan du kjøpe billettar til arrangement over heile landet i resepsjonen på Oseana! 

Bilde: 

Oseana har sidan oppstarten i 2011 nytta Billettservice som billett- og distribusjonssystem. Fram til no har det berre vore råd å kjøpe billettar til Oseana sine eigne arrangement i resepsjonen, men det blir det ei endring på no. 

  - Frå og med 15. januar kan du kjøpe alle Billettservice sine billettar gjennom vår billettluke. Det vil seie at om du skal på Festspillkonsert i Bergen eller på teater i Bodø, kan du kjøpe billetten hos oss, fortel arrangements- og marknadsansvarleg Janne Mari Hjelle. 

  - Forutsett at billettane blir selde gjennom Billettservice sitt system i utgangspunktet då, legg ho til med eit smil. 

  - Ein kan anten bestille billetten sjølv via Billettservice sine heimesider og deretter hente den ut på Oseana, eller ein kan kome innom og kjøpe den direkte over disk med oss.

 Mange kundar har etterlyst moglegheita til å kjøpe andre billettar på Oseana, spesielt etter at Posten gjekk ut av distribusjonssystemet. 

  - Tidlegare kunne ein både kjøpe og hente ut Billettservice- billettar på Posten, men i 2014 gjekk Posten ut av Billettservice sitt distribusjonssystem. Då sto ein att med berre Narvesen og 7 Eleven, i tillegg til nokre få andre billettluker som Grieghallen og DNS, som fulldistributørar. For mange var det vanskeleg å måtte reise heilt til byen for å finne ein Narvesen- kiosk å hente ut billettane sine på. No kan alle kome til Oseana, seier ei nøgd Hjelle, som får støtte av ein like nøgd direktør Ole Tobias Lindeberg.

  - Vi er veldig fornøgde med å ha fått på plass denne avtala. No kan vi gje osingane eit fullverdig billettilbod, som er enkelt og lettvint å benytte seg av. Alle billettar på ein plass, det kan vel ikkje bli enklare enn det, spør Lindeberg. 

 

Resepsjonen i Oseana er open onsdag til fredag 11.00 - 16.30, og laurdag og søndag 12.00 - 18.00. 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Trending Articles


EASY COME, EASY GO


HOY PANGIT, MAGBAYAD KA!


Girasoles para colorear


Presence Quotes – Positive Quotes


Maganda Quotes – tagalog Quotes – Inggit Quotes


Long Distance Relationship Tagalog Love Quotes


Papa Jack Tagalog Love Quotes and Advice for you


Top 10 Best Tagalog Friendship Quotes and Sayings | mrbolero


Re:Mutton Pies (lleechef)


Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.


FORECLOSURE OF REAL ESTATE MORTGAGE


Pokemon para colorear


Sapos para colorear


tagalog love Quotes – Tiwala Quotes


“Tado” Jimenez Quotes Collections Online


Mga Patama sa mga Nagmamahal the Best Tagalog love quotes for you


5 Tagalog Relationship Rules


“BAHAY KUBO HUGOT”


RE: Mutton Pies (frankie241)


Vimeo 10.7.1 by Vimeo.com, Inc.