
Oseana produserte i 2014 framsyninga "200 år på to timar", av og med Linda Eide og makkar Sjur Hjeltnes. Framsyninga har vore ute på turné, og vore ein suksess alle stadar den har blitt vist, med fulle hus og gode kritikkar. Den har også blitt filma av NRK og vist på fjernsyn 3. januar!
Linda og Sjur held fram med forestillingane, og under namnet "Historisk Moro" blir det nye sjansar til å få med seg humorduoen på Lille Ole Bull i Bergen. 28. januar, 30. januar og 31. januar står dei saman på scena igjen, og billettsalet er i gong!
Fekk ikkje du med deg duoen då dei var på Oseana, så nytt høvet no! Vi garanterar deg akkurat det namnet tilseier - to timar med historisk moro!
Du kan kjøpe billettar her, eller du kan stikke innom resepsjonen på Oseana og gjere det der, sidan vi no har blitt fulldistributør av Billettservice- billettar!
PS: Ynskjer du å booke framsyninga til di scene eller kulturhus? Ta kontakt med HiHat Management og Torill Posner på torill@hihat.no!