
Folkeoperaen Havfest var ein del av opningsveka til Oseana i 2011, og er skriven av Glenn Erik Haugland og Heidi Tronsmo. Framsyninga er sett opp med ei blanding av amatørar og profesjonelle aktørar. I 2011 fylte dei Oseanasalen til randa fire kveldar på rad, og til glede for nye og gamle publikummarar blir operaen no sett opp på nytt, denne gongen i samband med Festspillene i Bergen.
Årets framsyning vil ha skodespelarar som var med førre gong, men det trengst også mange nye! Går du med ein skodespelar i magen, eller kunne tenkje deg å prøve deg på scena? HavFest arrangerer audition søndag 27. januar mellom kl. 10.00 og 18.00. Staden er musikkrommet på Os Barneskule. Dei søkjer både vaksne og ungdom til songrollar, samt born over 10 år til å bevege seg på scena. Meir informasjon om kva som skal med i søknaden kan du sjå på nettsidene til Opera Omnia. Påmelding til audition skal sendast til oshavfest2@gmail.com.
Forestillinga blir vist 24.mai, 25. mai og 26. mai. Trykk på datoane for å kome direkte til billettkjøp. Les meir om framsyninga her. Husk at du også alltid kan kjøpe billettar til våre arrangement i resepsjonen på Oseana.